Tettpakka spenning

I desse tre spenningspakka bøkene er Elise, 13 år, med onkel Kalle og køyrer veterinærpraksis. Det viser seg å vere mykje skumlare enn ho hadde trudd. Alle dyra Elise møter i bøkene er ekte dyr veterinær Anne Viken har møtt ute i praksis.
 
Passar frå ti år og oppover, og blir lesen av barn, ungdom og vaksne som spennings- og underhaldningsbok. Boka er virkelighetsnær og bygger på verkelege hestar, verkelege hestepasientar og verkelege dyrlegeopplevingar.
 
Bøkene er skrivne i denne rekkefølga, men du kan lese dei i den rekkefølga du sjølv vil.
 
Elise og mysteriet med dei døde hestane (finnes også i Pocket)
Elise og mysteriet på hesteklinikken. Terningkast 5 i VG.
Elise og mysteriet på Hesteøya. Denne boka var nominert til Bokslukerprisen 2014.
 

Vil du lese utdrag av bøkene? Klikk her. 

Bestill bøkene

 
  
 
Nysgjerrige og dyreglade Elise er ute på sitt tredje oppdrag med veterinæronkelen Kalle, og heller ikkje denne gongen blir det roleg på vakt. Denne gongen er dei i veterinærteneste på vakre Hesteøya, og Elise har fått med seg venninna si Karin.
 
I det påskeroa skal senke seg over den idylliske øya i havgapet skjer merkelege ting. For på Hesteøya forsvinn islandshestar på mystisk vis, innflyttarar og bygdefolk står mot kvarandre, og midt oppi det heile svik Karin Elise når Elise treng henne mest.

"Veterinær Anne Viken har skutt blink med denne serien om den hesteinteresserte Elise."
Anne Cathrine Straume,  NRK
"Det er liten tvil om at Anne Viken har funnet en åre av seriegull i Elise og veterinæronkelen hennes, Kalle." Kristine Isaksen,  VG
 

 
 
Onkel Kalle har fått seg arbeid som veterinær på Trollskogen hesteklinikk, og Elise er lykkeleg over å få vere med han på jobb. Men i den gamle veterinærbustaden skjer det uforklarlege ting, og ute i praksis har Kalle alvorleg trøbbel med å gjere pasientane friske. Gamle Ylva påstår at ein spøkelsesdyrlege går gjennom gangane, og Elise forstår etter kvart at hesteklinikken skjuler langt meir enn sjuke hestar.
 
I denne spennande serien om Elise tar Anne Viken hesteboksjangeren til nye høgder!
 
Terning 5 Anne Viken har skrevet en vellykket miks av detektivfortelling, spøkelseshistorie og alkymigåte.  Kristine Isaksen,  VG

 

 
Då onkel Kalle får sommarjobb som veterinær i den bortgøymde Tordenbygda, reiser tretten år gamle Elise frå byen for å vere med som assistent. Der treffer ho den pensjonerte veterinæren Gamle-Mathias og verdas galnaste prest. Elise er forferdeleg glad i hestar, og finn fort ut at dei kvite hestane i Tordenbygda ikkje er som andre hestar. Ingen veit kvar dei kjem frå. Og livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg. Hakket for farleg.
 
 
Omtaler av boka i media:
 
Anne Viken gir den konvensjonsstyrte hesteboksjangeren eit friskt spark bak.
Ingeborg Mjør,  Dag og Tid
I tillegg til å vere utruleg spennande er boka også lærerik. Om du er glad i dyr og kanskje går med ein liten veterinær i magen, så er dette den perfekte boka. Likar du spenning og ei fartsfylt forteljing, så kan du også hive deg over denne, og sjølvsagt om du er glad i hest …
Nana Riise-Lynum,  Norsk Barneblad
 
Å lage spenning er ein krevjande sport som Viken kjem vel ifrå. Eg trur at boka vil fenge målgruppa, og eg innrømmer villig at eg let meg rive med i den spennande slutten.
Hans Jakob Reite,  NRK Sogn og Fjordane
 
"Heftig ny hestebok" Norsk Barneblad.

"Frøken detektiv i hestepraksis" Dag og Tid

"Boka er diggbar. Og viss du er ute etter ei spenningsbok og du i tillegg likar hestar - då trur eg at denne er perfekt! 300 sider med deilig ungdomsbok!" Bibliotekaren din

"ÅRETS BESTE TIPS til hestejenter og dyrlegespirar er boka Elise og mysteriet med dei døde hestane. Forfattar Anne Viken er sjølv dyrlege, og boka byr på store dosar med spenning, vitskap, humor og sjølvsagt, HEST." HaugenBok

"Boken var gripende med en gang, og jeg fikk lyst til å bla videre for å finne ut hvordan det gikk. Slutten var overraskende, her blir alt oppklart og avklart. Boken er verdt terningkast 5 fordi at den varte lenge etter at jeg var ferdig med den, denne kommer jeg til å huske." Karianne, 13 år Ungdom nominerer til U-prisen.
 

Bestill bøkene.